page view image

FESTIVALBUSSEN - LAURDAG

Buss er den enklaste, trivelegaste og mest berekraftige måten å reise til og frå Gauken på!

Information
event image

LAURDAG - FESTIVALBUSS GAUKEN


FESTIVALBUSSEN

Buss er den enklaste, trivelegaste og mest berekraftige måten å reise til og frå Gauken på! 

Me set opp festivalbussar slik at du kan komme deg til Vinjar frå både Åmot, Vierli/Rauland, Vågslid/Haukeli og Dalen. Bussane vil også stoppe på vanlege stoppestader langs vegen.

På nokre av avgangane må festivalgjester frå Vierli/Rauland og frå Dalen nytte Farte sine rutebussar til Åmot og bytte til festivalbussen der. Sjå detaljert informasjon i ruteplanen.

Og sjølvsagt skal me få deg heimatt frå festivalen også! Første avgang heimover blir rett etter at dagprogrammet er over. Det blir også ein avgang heimover etter kveldsprogrammet.

DØR: 15:00

DAGTID PROGRAM: 15:00 - 21:30

KVELDSPROGRAM: 21:30 - 02:00

STUDENT? - Skriv inn "student" i promokode feltet for å få billetten for ein 50 lapp. NB! Gylding ID må fremvises 


BIL

Det er høve til å sleppe av og hente festivalgjester utanfor inngongen til festivalområdet. Det er diverre ikkje parkering for privatbilar ved festivalområdet. Næraste parkering er ved Statskraft. Herfrå er det mogleg å gå til festivalområdet, via prestegarden og på oversida av Vinje kyrkje. NB! Ikkje gå langs E134/hovudvegen!

Waiver

Kaupt billett kan ikkje refunderas